onsdag 22. januar 2014

Feiring av Edvard Munch sin fødselsdag


Fødselsdagen til Edvard Munch for 150 år sidan vart markert på høgtideleg vis i Vågå.

Det starta med fakkeltog frå sentrum og opp til Ullinsvin, der det var tenning av julegran, allsang, kranselegging på bysta av Munch og overrekking av ei storslått gåve frå Sparebankstiftelsen DNB.

Unn Bostad fortalde litt om Munch sin familietilhøyrigheit i Vågå og venskapet mellom Munch og Vågå-kunstnaren Jo Visdal.

I låven var det laga til utstilling med bilete som barnehage- og skuleungane hadde måla, med sine eigne tolkningar av Munch-motiv. Det er også mogleg å sjå fleire motiv rundt om i sentrum; både på kommunehuset, Bokhandel'n og på skulen er det utstillingar.

Foto frå feiringa av fødselsdagen

mandag 5. august 2013


"Velkome attende"

Munch i Vågå – slekt og forankring
Program for Munch-jubileet, 10. og 11. august 2013 på Gammel-Kleppe gard – Vågå


Laurdag 10. august – 12.00 – 18.00
Edvard Munch seminar
Påmelding på mail: dag@gammelkleppe.no eller pr.telefon: 97 56 11 60.
Pris inkl lunsj: 450.- pr. person.
Seminaret starter med oppmøte ved Vågå Kyrkje.

12.00 – 13.00
”Til inspirasjon” - Vandring i Prestegårdshagen med bysten av Edvard Munch og Vågå Kyrkje – v/ Unn Bostad – Munch entusiast. Oppmøte Vågå Kyrkje

13.00 – 14.00
Servering av lunsj på Gammel-Kleppe gard.
Lunsjen serveres med en forrett fra Edvard Munch sin oldemors kokebok.

14.00 – 15.10
Om Edvard Munchs slekt og hva slekten betydde for ham v/ Johan Storm Munch
Foredrag og omvisning i slektsutstillingen på Gammel-Kleppe. Se original portretter og gjenstander fra Edvard Munchs barndomshjem. Med presentasjon av slekten Munch og forankringen Edvard Munch hadde i Vågå.

15.20 – 16.20
Edvard Munch og kunsten – v/ Hilde Fauskerud – museumspedagog ved Lillehammer kunstmuseum.

16.30 – 17.30
”Edvard Munch- pioner innen traumatisk stress” v/ Lars Weisæth, krisepsykiater og professor.

17.30 – 17.40
Væl hematt v/ Ingunn Munch Lindvig og Dag Lindvig



Søndag 11 august - 12.00 – 17.30 
Open dag for publikum 
Inngang kr 80,- - barn under 12 år gratis

12.00 – 13.00
Åpning og omvisning i slektsutstillingen og foredrag – v/ Johan Storm Munch

13.00 – 13.45
”Edvard Munch på 3 kvarter” – en presentasjon av kunstneren v/ Hilde Fauskerud – museumspedagog, Lillehammer kunstmuseum.

14.00 – 15.00
Omvisning i slektsutstillingen og foredrag v/ Johan Storm Munch

15.00 – 15.45
”Edvard Munch på 3 kvarter” – en presentasjon av kunstneren v/ Hilde Fauskerud – museumspedagog, Lillehammer kunstmuseum.

Edvard Munch konsert 16.00 – 17.30
Konsert kr 250,- pr. person – barn under 12 år halv pris

”Jeg fant, jeg fant” Hva finnes i en gammel notesamling fra familien Munch?
Konsert og tekster fra Edvard Munch med Vegar Vårdal og Ingeborg Dalheim - fortellere Even Lusæter og Endre Skjåk.

I Edvard Munch sin slekt var det mange dyktige musikere – bla. annet Ole Bull. Vi har funnet frem en rekke gamle noter som har tilhørt familiene Munch og Bull. Vi har med disse notene som grunnlag produsert en konsert som både er relatert til slekten og som gir oss et tidsriktig tonebilde slik det måtte være når det ble musisert hjemme hos familiene Bull og Munch.

Kaféen på Gammel - Kleppe er oppe heile dagen med servering av ”Skrik”-vafler og kaffe.

onsdag 19. juni 2013

Avduking av Munch-byste

Laurdag 8. juni vart bysta av Edvard Munch avduka i prestegårdshagen. Riksantikvar Jørn Holme og Edvard Munch Lindvig sto for den offisielle avdukinga.





mandag 12. november 2012

Munch 150


I 2013 er det 150 år sidan Edvard Munch vart født.
Vågå kommune er ein av nettverkskommunane for Munchjubileet, og kommunen vil markere dette jubileet på mange forskjellige og spennande måtar.

Sjå og dei nasjonale sidene for jubileet: munch150.no



Edvard Munch si tilknytning til Vågå:

Tekst: Unn Bostad

Edvard Munch er nært knytt opp til Vågå og Vågå prestegard – Ullinsvin – gjennom fleire generasjonar. Prestar frå  familiane Storm/Munch hadde sete på prestegarden i ei  periode på 80 år - frå 1745 til 1825.

Edvard Munch hadde og sterk tilknytning til Vågå i sitt eige liv. Munch opphelt seg i kortare og lengre periodar i bygda. I 1942 – på besøk i Vågåkyrkja - fortalte han til kyrkjetenar Hans Ødegård, at det var her han fekk inspirasjon til mange av Aulamaleria sine. Hans Ødegård fortalte at tårene rann nedover kinna på Edvard Munch, da han fortalte om opplevingane i Vågåkyrkja. I fleire brev har Munch skreve at ”Vågåkirken er vakker”

Studiekameraten, venen og skulptøren, Jo Visdal frå Vågå, har laga byste av Edvard Munch som 23-åring. Det er denne bysta som skal avdukast i den gamle kulturhagen i Vågå prestegard 8. juni 2013. Jo Visdal og Edvard Munch var vener gjennom alle år. Dei studerte og saman i Frankrike, og i ei periode budde dei  på same rom.

Her i prestegardshagen kan Edvard Munch sjå opp på forfedrane sine - her kan han sjå nedover mot den gamle Vågåkyrkja, og her kan han sjå utover bygda og den verda som førte han til ei av verdas mest kjente kunstnarar gjennom tidene.

Tippoldefar til kunstnaren Edvard Munch er presten Johan Storm. Johan Storm og Magdalena (kone nr. 1), Ingeborg (kone nr 2) og Johanne (kone nr. 3) var prestefolk i Vågå i 31 år (1745-1776). Dei hadde tilsaman 6 barn. Dei 3 mest kjente er: Gidsken (bestemor til Ole Bull), Edvard (kjent forfattar av bl.a. bygdeviser på Vågåmål) og Christine (oldemor til  Edvard Munch).

Oldeforeldra til Edvard Munch, Peder Sørensen Munch og Christine, dotter til Johan og Magdalena Storm, var deretter prestefolk i Vågå i 10 år (1776-1786).

Både Chrisine og Gidsken vaks opp på Vågå prestegard og begge gifta seg i Vågå  kyrkja. Christine kom  og tilbake til Vågå etter at mannen hennar døde (budde ei  stund  på  Hølen) og vart seinare gravlagt på Vågå kyrkjegard.

Oldemor Christine fødte 12 barn i løpet av 15 år – dei 7 yngste er født på Vågå prestegard. Oldemor Christine må ha vore ei særs dyktig og ”energisk” prestekone. Forutan å ha født 12 barn, var ho svært interessert i botanikk og legande urter, slik at ho kunne hjelpe til med medisinar, fordi ho visste kva som hjelpte ved sjukdom.

Vi veit difor at oldemor Christine hadde ein innhaldsrik og ”berømt” urtehage. Christine hadde også stor interesse for astrologi. Ei kokebok er bevart etter henne som viser at ho dreiv eit stort kjøken og kunne mange spennande rettar.  

Oldemor Christine er såleis både født, har vakse opp, gifta seg og har vore prestekone i Vågå. Ho er og gravlagt på kyrkjegarden ved Vågåkyrkja.

Jacobine Munch, dotter til oldemor  Christine, gifta seg med presten Marcus Bang Wang og dei var prestefolk i Vågå i 11 år (1803-1814).

Bestefar Edvard Storm Munch, bestefar til Edvard Munch, var født i Vågå i 1780, og hadde sine barneår i Vågå og på Vågå prestegard.

Magdalena  (syster til Jacobine) gifta seg med Jens Tronhus på  Sørem. Sonen deira, Peter Munch Tronhus budde delvis på Tronhus i Randsverk og delvis på Petterbessa ved Besssheim.

Peter var modell for Ibsen sin "Peer Gynt", og Edvard Munch teikna ”Peer på bukken over Gjende”

"For en underlig sky" - Peer på bukken over Gjende