mandag 12. november 2012

Munch 150


I 2013 er det 150 år sidan Edvard Munch vart født.
Vågå kommune er ein av nettverkskommunane for Munchjubileet, og kommunen vil markere dette jubileet på mange forskjellige og spennande måtar.

Sjå og dei nasjonale sidene for jubileet: munch150.no



Edvard Munch si tilknytning til Vågå:

Tekst: Unn Bostad

Edvard Munch er nært knytt opp til Vågå og Vågå prestegard – Ullinsvin – gjennom fleire generasjonar. Prestar frå  familiane Storm/Munch hadde sete på prestegarden i ei  periode på 80 år - frå 1745 til 1825.

Edvard Munch hadde og sterk tilknytning til Vågå i sitt eige liv. Munch opphelt seg i kortare og lengre periodar i bygda. På besøk i Vågåkyrkja - fortalte han til kyrkjetenar Hans Ødegård, at det var her han fekk inspirasjon til mange av Aulamaleria sine. Hans Ødegård fortalte at tårene rann nedover kinna på Edvard Munch, da han fortalte om opplevingane i Vågåkyrkja. I fleire brev har Munch skreve at ”Vågåkirken er vakker”

Studiekameraten, venen og skulptøren, Jo Visdal frå Vågå, har laga byste av Edvard Munch som 23-åring. Det er denne bysta som skal avdukast i den gamle kulturhagen i Vågå prestegard 8. juni 2013. Jo Visdal og Edvard Munch var vener gjennom alle år. Dei studerte og saman i Frankrike, og i ei periode budde dei  på same rom.

Her i prestegardshagen kan Edvard Munch sjå opp på forfedrane sine - her kan han sjå nedover mot den gamle Vågåkyrkja, og her kan han sjå utover bygda og den verda som førte han til ei av verdas mest kjente kunstnarar gjennom tidene.

Tippoldefar til kunstnaren Edvard Munch er presten Johan Storm. Johan Storm og Magdalena (kone nr. 1), Ingeborg (kone nr 2) og Johanne (kone nr. 3) var prestefolk i Vågå i 31 år (1745-1776). Dei hadde tilsaman 6 barn. Dei 3 mest kjente er: Gidsken (bestemor til Ole Bull), Edvard (kjent forfattar av bl.a. bygdeviser på Vågåmål) og Christine (oldemor til  Edvard Munch).

Oldeforeldra til Edvard Munch, Peder Sørensen Munch og Christine, dotter til Johan og Magdalena Storm, var deretter prestefolk i Vågå i 10 år (1776-1786).

Både Chrisine og Gidsken vaks opp på Vågå prestegard og begge gifta seg i Vågå  kyrkja. Christine kom  og tilbake til Vågå etter at mannen hennar døde (budde ei  stund  på  Hølen) og vart seinare gravlagt på Vågå kyrkjegard.

Oldemor Christine fødte 12 barn i løpet av 15 år – dei 7 yngste er født på Vågå prestegard. Oldemor Christine må ha vore ei særs dyktig og ”energisk” prestekone. Forutan å ha født 12 barn, var ho svært interessert i botanikk og legande urter, slik at ho kunne hjelpe til med medisinar, fordi ho visste kva som hjelpte ved sjukdom.

Vi veit difor at oldemor Christine hadde ein innhaldsrik og ”berømt” urtehage. Christine hadde også stor interesse for astrologi. Ei kokebok er bevart etter henne som viser at ho dreiv eit stort kjøken og kunne mange spennande rettar.  

Oldemor Christine er såleis både født, har vakse opp, gifta seg og har vore prestekone i Vågå. Ho er og gravlagt på kyrkjegarden ved Vågåkyrkja.

Jacobine Munch, dotter til oldemor  Christine, gifta seg med presten Marcus Bang Wang og dei var prestefolk i Vågå i 11 år (1803-1814).

Bestefar Edvard Storm Munch, bestefar til Edvard Munch, var født i Vågå i 1780, og hadde sine barneår i Vågå og på Vågå prestegard.

Magdalena  (syster til Jacobine) gifta seg med Jens Tronhus på  Sørem. Sonen deira, Peter Munch Tronhus budde delvis på Tronhus i Randsverk og delvis på Petterbessa ved Besssheim.

Peter var modell for Ibsen sin "Peer Gynt", og Edvard Munch teikna ”Peer på bukken over Gjende”

"For en underlig sky" - Peer på bukken over Gjende